top of page
Fjellgardshallen.png
Hallen utsiden.png

Kvifor bygger vi ride- og fleirbrukshall på Hovden?

Til å vere ein så liten kommune som Bykle, har vi eit godt idretts- og aktivitetstilbud - med overvekt av vinteridrett, naturlig nok. Hestesporten er imidlertid også eit viktig tilbod - som har gått i bølgedalar i over 30 år, sidan etableringa av Fjellgardane Rideklubb. Dette er 3. gong ein prøvar å etablere ein hall - alle gode ting er som kjent 3!

Vi trenger fasilitetar som skaper eit trygt og stabilt miljø - og eit heilårstilbod. Sikkerheten har på langt nær vore god nok vinterstid. Med forholda ein har drive under i så mange år, blir aktivitetsnivået for lavt for både hestar og ryttarar - vi har lange vintrar i Bykle...

 

VI TRENG EIN GODKJENT STALL!

Mange held på med hest livet gjennom, på ulike nivå. Eit godt hestesportsmiljø vil bety mykje for trivselen til dei som har dette som hobby. Og for alle andre som på forskjellige måtar bidreg i det frivillige arbeidet som står i fokus her.

Det vil også vere positivt med tanke på «Hyttebyklarar» og besøkande. Barn som har hest som hobby har eit fortrinn når det gjeld mestring, både på skulen og ellers. Dei lærer å ta ansvar, vise omsorg og forstå kva det betyr å forplikte seg. Vi vil også bidra til å skape ein etterlengta møtestad - for alle, men spesielt for barn og unge, i eit rusfritt miljø uten kjøpepress. Ein stad for alle, uavhengig av interesser.
 

hall langside.jpg
Hallen siden.jpg

Rideareal innvendig blir 20 x 60 meter. På den eine langsida kjem 10 stallboksar for utleige, vaskespilt, salrom og lager for fôr og flis.


På  den andre langsida blir det lagerplassar til utleige. 

Fleksibelt klubblokale/sosial del med inntil 80 sitteplassar, toalett og kjøkken. Denne avdelinga blir leigd ut når vi ikkje brukar den sjølv - til alt frå store idrettsarrangement til selskap, møter, kurs og anna der ein har behov for trivelige og praktiske lokaler. Det blir også uteplass på "låvebrua" med ca. 60 sitteplassar med ettermiddags- og kveldssol. Låvebrua vender mot skiløyper/lysløype/rulleskiløypa. Her vil vi ha kafe på dugnad mange av årets helger og feriar. Denne delen blir viktig for oss, men også for leigetakarar.

Området rundt Fjellgardshallen

Fjellgardshallen blir bygd rett ved Hovden langrennsarena. Her er også gode moglegheiter til å ri utandørs, på turvegane i Otrosåsen. I tillegg er det på sikt planlagt utandørs ridebane utanfor hallen.
 

Oversikt ute.jpeg
sit.plan.jpg

Vi jobbar alle sammen på dugnad for å få Fjellgardshallen ferdig i løpet av 2019/2020

Har du spørsmål? Interssert i å vite meir? Sjå under! Eller ta kontakt på post@fjellgardshallen.no

Under finner du meir informasjon om prosjektet

bottom of page